Eirik Newth

Eirik Newth er utdanna astrofysikar, og har sidan 1990 vore forfattar og formidlar av vitenskap, teknologi og framtidstenking. Han har skrive eit halvt tusen artiklar og 24 bøker som er oversett til 20 språk, er en hyppig brukt mediekommentator og har vore fast spaltist i ei rekkje aviser samt programleiar på radio.

Som millionar av andre på sin alder ble Eirik en av “Apollo-generasjonen”, fascinert av verdsrommet og romfart, og overtydd om at framtida ville bli fantastisk. Draumeåret var 2000, då det garantert kom til å finnes flygebiler, charterturar til Månen og heimerobotar som sorterte klede og mata katten.

Da 2000 opprant, var verden ikkje blitt heilt slik Apollo-generasjonen hadde drøymt om. Ingen flygebiler eller romturistar, men til gjengjeld hadde vi fått PCer, internett og mobiltelefonar, oppfinningar ein knapt var i stand til å drøyme om i 1971.

 

Den erfaringa har Eirik tatt med seg i sin virksomhet som framtidstenkjar. Å forstå framtida handlar ikkje om å spå, då spådommar oftast slår feil. Langt viktigare er det å forstå dei breie drivkreftene og megatrendane som formar vår tid – og tiåra som skal koma. Og først og sist handlar det om entusiasme og optimisme på framtidas vegne.